Fullstendig resultatliste finnes her.
Rankingtabeller finnes her (trykk ranking på gjeldende klasse).
Styret i NVBF Region Sogn og Fjordane er super fornøyd med en eksemplarisk gjennomføring av sesongens første juniorturnering.
Teknisk arrangør Jølster IL skriver følgende om turneringen:
Laurdag 29.10:
Denne dagen var det klart for årets første turnering i U12/U14 års klassane.
I jenter U14 stilte det 8 lag fordelt i 2 puljer. Det blei tidleg klart at Førdelaga var hakket bedre enn dei andre og vi enda opp med Førde 1 og Førde 2, som vinnarar av kvar si pulje med henholdsvis Førde 3 og Tambar 3, som toarar i puljene. Arrangørklubben Jølster nådde ikkje heilt opp og blei nr 3 i pulje 2. Jentene avslutta turneringa med å spele ein plasseringskamp.
Finalen blei ei jamn affære der Førde 2 trekte det lengste strået.
1.-2.plass: Førde – Førde 2 0-2 (22-25, 24-26)
3.-4.plass: Tambar 3 – Førde 3 1-2 (25-22, 11-25, 1-15)
5.-6.plass: Gaular – Jølster 2-0 (25-6, 25-12)
7.-8.plass: Tambar – Tambar 2 0-2 (14-25, 16-25)
I gutar U14 spelte dei 5 laga ein serie der alle laga møtte kvarandre ein gong. Også her var Førde best, men Viksdalen greidde å splitte dei to Førdelaga og kapra 2.plassen.
Sluttstilling:
1) Førde
2) Viksdalen
3) Førde 2
4) Tambar 2
5) Tambar
U12 klassen blei ein mixklasse der dei tre laga Gaular, Viksdalen og Jølster spelte mot kvarandre 2 gongar. Her var det mange som fekk sitt første møte med volleyball i konkurranse. Det såg ut som spelarane koste seg, og vi håpar dei blir fenga av volleyballidretten slik at dei dukkar opp på seinare turneringar og.
Turneringa laurdag gjekk heilt etter planen. Vi greidde faktisk å knipe inn ein kamp i jenter U14 slik at dagen for både jentene og arrangør ikkje blei så lang. Alle lag og lagleiarar oppførte seg eksemplarisk og bidrog til at dette vart ei flott turnering.
Søndag 30.10:
Så var det klart for U16 turnering. Vi merka med ein gong at i dag var «temperaturen» i hallen høgare. Engasjement og vilje til å vinne er viktig å ha utan at det går utover humøret. Og det viste alle spelarar og leiarar i dag.
I jenteklassen stod kampen mellom Førde og Tambar. Tambar har hatt full utskifting av spelarar sidan i fjor, så dei fekk det tøft mot Geir Henning Nores framstormande Førde-jenter. Dei 4 jentelaga spelte enkel serie før ein avsluttande plasseringskamp til slutt.
1.-2.plass: Førde – Førde 2 2-0 (25-18, 25-10)
3.-4.plass: Tambar – Tambar 2 2-0 (25-17, 25-22)
I guteklassen var bredda i lag noko større med lag fra Fjellhug Vereide, Viksdalen og Jølster i tillegg til heile 3 Førde-lag. Arrangørklubben Jølster overraska seg sjølv med å kome heilt til finalen. Her fekk dei fortent stryk av det beste Førde-laget.
1.-2.plass: Førde – Jølster 2-0 (25-16, 25-16)
3.-4.plass: Førde 2 – Viksdalen 2-1 (18-25, 25-23, 15-8)
5.-6.plass: Førde 3 – Fjellhug V 0-2 (14-25, 22-25)
Det vart nok ein fin dag med volleyball i Naustdalhallen og vi gledar oss allerede til neste turnering i Naustdal.